ABClive 2023

Eksklusiv konsert med Frøkedal på ABClive!!

Frøkedal har gjort seg bemerka med særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Med sisteplata – Spellemann-nominerte Flora – i bagasjen, har ho og bandet Familien dei siste åra reist land og strand her heime, frå små klubbscener til store festivalar. I vår turnerte dei i England som special guests for skotske Teenage Fanclub.

Nå er tida inne for ny musikk og nye måtar å spele han på. Du er derfor invitert til ein konsertkveld med Frøkedal i eit nedstrippa format. Saman med ein medsamansvoren musikant eller to skal gamle og nye låtar framførast i eit nært, dønn ærleg – og ikkje heilt risikofritt – format. 

«Det er alltid ei skrekkblanda fryd å spele ny musikk. Og å spele utan eit stort band rundt seg. Likevel kjennes det også som om alt kan hende då. Litt risiko er bra – for alle i rommet.»


Billettar :

https://tikkio.com/tickets/36353-abclive-konsert-med-frokedal

Dørene opnar kl.19.30!


Tilbake